“Skal eg berre akseptere at eg aldri blir tynn?”
(Kvifor du føler deg fastlåst – og kva du faktisk kan gjere med det)
«Skal eg berre akseptere at eg aldri blir tynn?»
Dette har eg høyrt frå ein klient, og eg veit at ho er ikkje aleine om å tenke dei tankane.
For mange handlar dette ikkje om eit ønske om å vere “tynn”, men om ønsket om å føle seg bra i eigen kropp, komme ut av gamle mønster og kjenne at ein er i flyt – ikkje kamp – med helsa si.
Men kva gjer ein når ein har prøvd igjen og igjen, og aldri kjem dit ein ser føre seg?
La oss snakke litt om det.
Når du føler deg fastlåst i vekta
Er du ein av dei som har brukt mange år på å jakte etter trivselsvekta di og kvar gong du nærmar deg så skjer det som alltid skjer: LIVET?
Stress
for lite søvn
travle veker
sosiale forpliktingar
mat som går på autopilot
ein kropp som slår tilbake
Og til slutt står du igjen med same spørsmål:
«Er dette berre sånn eg er?»
Kanskje du til og med har vore gjennom dette så mange gonger at du har begynt å tvile på om du i det heile tatt kan lykkast.
Men her er det verkelege problemet:
Det er ikkje kroppen din som feilar – det er strategien din som gjer det
Følelsen av å vere fastlåst oppstår ikkje fordi du manglar viljestyrke.
Det handlar om at du trur løysinga ligg i å gjere meir av det same:
fleire diettar
meir kontroll
meir press
fleire «startar på mandag»
Men sannheita er:
Livet ditt endrar seg – men strategien du brukar for å få det til gjer ikkje det.
Kroppen din svarar ikkje lenger på gamle oppskrifter.
Det sanne hinderet: ubevisste mønster, ikkje mat
Dei fleste som føler seg fastlåste, og dette er noko som går att hos mange av mine noverande og tidlegare klientar, har ofte ikkje eit matproblem – dei har eit såkalla mønsterproblem:
du set andre først
du lev i høgt stress over tid
du søv for lite
du stiller for høge krav
du startar for hardt og stoppar for brått
du jobbar MOT kroppen, ikkje MED den
Dette skaper ein kropp som er i konstant alarmmodus.
Og ein kropp i alarmmodus sluttar å respondere på vektnedgang.
Så kva gjer du når du står fast?
Som livsstilsveileder handlar mi tilnærming ikkje om å «fikse» kroppen din eller gi deg “perfekte planar”, men om å skape tryggheit i dei små vala du tek kvar dag..
Eg hjelper deg med å:
1. Skape tryggleik i kroppen igjen
Når kroppen får mat, kvile og rytme, vil han plutseleg samarbeide.
Metabolismen treng tryggleik – ikkje straff.
2. Bygge mikrovaner som varer
Det handlar ikkje om å endre alt.
Det handlar om 1 %-justeringar som du faktisk klarer å halde på over tid.
3. Gjere målet ditt uavhengig av motivasjon
Når vanane blir automatiske, treng du ikkje “stå i det” eller presse deg heile tida.
4. Finne trivselsvekta di – ikkje den du TRUR du burde ha
Den ligg ofte nærmare enn du trur, men du finn den berre når du jobbar med kroppen, ikkje mot den. Det er her vi er veldig ulike og grunnen til at det er så innmari viktig å tenke heilheitleg, men viktigast av alt: individuelt!
Så… skal du berre akseptere at du aldri blir “tynn”?
Nei.
Men du skal kanskje slutte å jage det som har vist seg før ikkje fungerer, og heller starte med noko som faktisk gir deg ro, energi og resultat – over tid.
Du skal ikkje akseptere at du “aldri får det til”.
Men du skal akseptere at du treng ein ny strategi, ikkje ein ny start på mandag.
Ønsker du hjelp til å kome ut av hamsterhjulet?
Eg jobbar med kvinner og menn som har prøvd alt – og som no treng ei løysing som faktisk fungerer i ein vanleg kvardag.
Dersom du kjenner deg igjen i tekstane her, send meg gjerne ei melding.
Saman kan vi finne tilbake til kroppen din si trivselsvekt – utan diett, utan press og utan kamp.
