Enkel Granola For Heile Familien

Fordelane med å lage granola sjølv

Det er kanskje mykje mat ein burde laga frå botnen. Dessverre tillet ikkje alltid hamsterhjulet dette, og då gjeld det å velje med omhu kva som faktisk er verdt tida di.

Eg har maula mykje ferdigkjøpt granaola fordi eg vart sugen på meir i staden for mett!

Tenk difor over kor i kosthaldet ditt og til familien det vil gi størst effekt å lage noko sjølv i staden for å kjøpe ferdig. Altså, kva et du ofte som det fins betre løysingar for? For oss vart svaret enkelt: Granola.

I kvardagen vår er granola eit fast og viktig tilskot til rask, enkel og mettande energi – anten du har den på smoothiebowlen eller yoghurten. Eg har maula mykje ferdigkjøpt granaola fordi eg vart sugen på meir i staden for mett!

Ved å lage granola sjølv får du:
Full kontroll på ingrediensane – du slepp skjult sukker og billige oljer.
Betre næringsinnhald – du kan tilpasse mengda av nøtter, frø, havre og krydder etter behov.
Rimelegare på sikt – spesielt om du kjøper tørrvarer i større pakkar.
Smak tilpassa deg – vil du ha meir crunch, ekstra kanel eller litt kokos? Du bestemmer.

Smoothiebowl og yoghurtbowl

Råvarer

Når du lagar granola sjølv, får du ikkje berre betre smak – du får også ein miks av reine, næringsrike råvarer:


HAVREGYN - gir stabile blodsukkerverdiar, god mettheitsfølelse og er fulle av betaglukanar som støttar kolesterolet og tarmhelsa.

PUFFA QUINOA - tilfører ekstra, fullverdig protein, jern og magnesium – perfekt for energi og muskelhelse.

MANDLAR - bidreg med sunne feittstoff, vitamin E og fiber som held deg mett lenge.

EPLEJUICE - gir ein naturleg sødme og frisk smak, samtidig som det bidreg med fukt i blandinga.

SMØR - gjer granolaen sprø, smakfull og bidreg med feitt som aukar opptaket av feittløyselege vitamin.

HONNING - tilfører naturleg sødme – i tillegg til at det gjev ein nydeleg karamellisert smak når du steiker granolaen.



Å lage granola sjølv handlar altså ikkje berre om smak, men om å velje næring framfor tilsetningar, og å ta tilbake litt kontroll i kvardagen🩶


Og kanskje viktigast av alt – det er ei lita stund av ro og skaparglede. Lukta av nysteikt granola minner oss på at helse ofte startar med dei små vala, og at det faktisk kan vere både enkelt og godt.

OPPSKRIFT GRANOLA

Ingrediensar

  • 500 g havregryn (store)

  • 60 g puffa quinoa

  • 90 g mandler, finhakket

  • 1/2 ss salt

  • 60 g (4 ss) smør

  • 2 dl eplejuice

  • 200 g honning

Korleis

  1. Set ovnen på 125 grader varmluft

  2. Bland alt det tørre i ein stor bolle

  3. Over middels varme smeltar du smør, honning og juice.

  4. Hell væska over i bollen med det tørre og rør godt så alt blir dekt av væska.

  5. Fordel utover ei bakepaprikledd steikepanne og rør kvar tiande minutt.

  6. Når du ser at granolaen er gylden og ikkje kjennes veldig våt (sånn ca etter 30-45 minutt, kjem litt ann på mengd og ovn), ha den over på store fat så den får avkjølt seg å bli ordentleg crispy.

  7. Når granolaen er heilt avkjølt kan du ta den over på krukker eller andre luftette beholdarar og oppbevar tørt.

Next
Next

Bananbrød med Grønnsaker og Sjokolade